4 min read

Mafiaen satsar stort på vindmøller

I Italia bllir det investert store summar i grøn energi, spesielt i vindmølleparkar. Mafiaen har kasta seg inn i den grøne bølgja med full styrke.

NRK - Bent Tandstad Publisert 6. sep. 2010 kl. 07:00 Artikkelen er 10 år gammel.

Det dukkar opp nye vindmølleparkar heile tida i det sørlege Italia, spesielt på Sicilia. EU og den italienske regjering gir rundhanda investeringsstøtte til dei som vil investere i vindmøller eller andre formar for grøn energi.

Mafiaen aldri langt unna

Miljøverngrupper har helst tilskota og framveksten av vindmølleparkar velkomen, men mange sit att med med ein dårleg smak i munnen. For der det er pengar å tene i Italia, er aldri mafiaen langt unna.

Dei einaste som tener pengar på dette er politikarane og mafiaen. DINO LEGGIO, SERVITØR

- I dag er det å byggje ut vindmøller noko av det mest lønsame ein kan gjere. Og alt som er lønsamt tiltrekkjer seg mafiaen, sier ein opgitt Edoardo Zanchini, miljøvernaktivist frå Sicilia som har brukt mykje tid på å kartleggje mafiaen sin infiltrering av den grøne energisektoren.

Mafiaen har greidd å sikre fleire millionar euro i støtte til å byggje vindmølleparkar. I ein del tilfelle sikrar dei seg støtte for å byggje vindmøller, og så droppar dei heile utbygginga så snart dei har pengane i lomma.

Andre investerer svarte pengar frå kriminell verksemd som narotikasmugling, prostitusjon, ulovleg avfallshandtering og utpressing, inn i grøne energiprosjekt.

LES OGSÅ: Nonnekloster var narko-reir

LES OGSÅ: Mafiaen ville sikre frukt-monopol

Også i andre land

No er det ikkje berre Italia som opplever dette. Selskapet Kroll, som gjer bakgrunnssjekk av denne typen energiprosjekt for investorar, seier at det skjer over heile Europa. Det er kjende saker frå Spania, Romania, Bulgaria og Frankrike.

- Eg vil ikkje seie at heile sektoren er korrupt, men det er ein liten prosentdel med korrupte prosjekt, seier Kroll-direktør Jason Wright til Sunday Telegraph .

Men som vanleg er det verst i Italia, og spesielt på Sicilia.

Ingen land i verda har betre prisar på vindmøllekraft enn Italia. Kraft frå vindmølleparkar har ei sikker garantiinntekt. Og dette skjer altså i eit land der mafiaen har ein lang tradisjon med å kjøpe politikarar og å kvitte seg med brysame konkurrentar.

Der det er pengar å tene i Italia, er mafiaen aldri langt unna
EDOARDO ZANCHINI

Mange meiner det ikkje var til å unngå at mafiaen skulle engasjerte seg tungt også i denne bransjen. Og folkehumoren har alt gitt denne nye gruppa av grøne mafiaentreprenørar det engelske tilnamnet «Lord of the winds», på norsk «Vindane sin herre».

Det er alt bygd 30 vindmølleparkar på SIcilia, og 60 til er under planlegging eller bygging. Ofte skjer dette trass i motstand frå dei lokale innbyggjarrane, som meiner at vindmøllene øydeleggjer det vakre landskapet.

LES OGSÅ: Strandede turister tar bussen

LES OGSÅ: Kirken kastet mafiaen ut av påskeprosesjon

Vindmøller i Corleone

Også i Corleone, den sicilianske landsbyen som vart verdskjend gjennom bøkene og filmane om «Gudfaren», har det dukka opp fleire vindmølleparkar. Og spesielt dei som arbeider i turistindustrien har lite til overs for dei.

- Dei einaste som tener pengar på dette er politikarane og mafiaen, seier Dino Leggio (33), som arbeider som servitør i ein bar i Corleone.

- Ingen har spurt vanlege menneske kva dei synst om dette. Vindmøllene er høge og stygge. Før dei byrja å sprøyte offentlege pengar inn i dette burde dei har fiksa vegane, som er i forferdeleg dårleg stand, seier han til Sunday Telegraph.

I fjor haust avslørte politiet ein gigantisk svindel med vindmølleprosjekt i kystbyen Mazaro del Vallo. Det var eit samarbeid mellom kjende mafiamedlemer, lokale forretningsmenn og politikarar.

Her i Italia held alle kjeft, fordi dei er redde for å setje seg opp mot mafiaenDAVID MOSS

Politiet dreiv intensiv overvaking av dei mistenkte, blant anna ved telefonavlytting. Under ein samtale med kona si sa den mistenkte mafiamannen følgjande:

- Det blir ikkje bygd eit einaste turbinblad i Mazzaro utan at eg går med på det.

- For dårleg regulert

John Etherington, tidlegare professor i økologi ved Universitetet i Wales og forfattar av boka «Vindmøllebløffen» (The Wind Farm Scam), meiner at denne nye næringsvegen er alfor dårleg regulert, og dermed er open for korrupsjon.

Fattige bønder, som opplever sviktande prisar på tomatar og andre landbruksvarer, har vore lette å overtale til å leige bort jorda si til vindmølleparkar.

- Kven gidd å stå opp tidleg kvar morgon og arbeide hardt for ingenting, når dei kan motta 10.000 euro i året i leigeinntekter for vindmøller, spør den sicilianske forretningemannen Nicola Angelo.

- Folk her har kjøpt ideen om vindmøller, sjølv om dei fullstendig øydelegg landskapet, legg han til.

David Moss, ein britisk entreprenør busett i den sicilianske fjellbyen Salemi, ser vindmøller på alle kantar frå huset sitt. Han er lite glad for utviklinga:

- Om eit firma i Storbritannia hadde lagt fram planar om å byggje 100 vindmøller i eit ope landskap på landsbygda, ville det blitt eit folkeopprør. Her i Italia held alle kjeft, fordi dei ikkje torer å setje seg opp mot mafiaen, seier han.

LES OGSÅ: Sicilias guvernør mafia-mistenkt

LES OGSÅ: Slik unngår du mafia-butikka


Mafiaen har ødelagt fornybarsektoren i Italia - 2014


Italy's "Lord of the Wind" Gets 9 Years for Financing Mafia - 2019


COPYRIGHTS

WHO and WHAT is behind it all ? : >

VISIT THE PAPERTURN 20 OCT ARCHIVE

The bottom line is for the people to regain their original, moral principles, which have intentionally been watered out over the past generations by our press, TV, and other media owned by the Illuminati/Bilderberger Group, corrupting our morals by making misbehaviour acceptable to our society. Only in this way shall we conquer this oncoming wave of evil.

Commentary:

Administrator

HUMAN SYNTHESIS

All articles contained in Human-Synthesis are freely available and collected from the Internet. The interpretation of the contents is left to the readers and do not necessarily represent the views of the Administrator. Disclaimer: The contents of this article are of sole responsibility of the author(s). Human-Synthesis will not be responsible for any inaccurate or incorrect statement in this article. Human-Synthesis grants permission to cross-post original Human-Synthesis articles on community internet sites as long as the text & title are not modified.

The source and the author's copyright must be displayed. For publication of Human-Synthesis articles in print or other forms including commercial internet sites. Human-Synthesis contains copyrighted material the use of which has not always been specifically authorized by the copyright owner. We are making such material available to our readers under the provisions of "fair use" in an effort to advance a better understanding of political, economic and social issues. The material on this site is distributed without profit to those who have expressed a prior interest in receiving it for research and educational purposes. If you wish to use copyrighted material for purposes other than "fair use" you must request permission from the copyright owner.