Det nye kolonivelde – EU og EØS

Olav FlaateLEIAR / TROMS NEI TIL EUKRONIKK29. APRIL 2019

Direktørar, regjeringa og eit fleirtal av dei folkevalde i nasjonal-forsamlinga vår jublar for EØS.  Dei vil og gjerne at Noreg skal bli EU-medlem. Griskheit, egoisme og jakta på mest mogeleg profitt driv direktørane.

Det er utfordrande for demokratiet at fleire stortingspolitikarar  har nær tilknyting til NHO samstundes som dei er  folkevalde beslutningstakarar. Til tider synest det som om dei prioriterer å representera næringslivet istadenfor landet og folket.

FØLG TEMAET: EØS-Avtalen Norge Og EU

Dette kjem tydeleg fram gjennom den iveren dei legg for dagen  med å  innlemma EU-direktiv inn i det norske lovverket.

Gjennom desse lovene undergrev våre folkevalde offentleg sektor og i fleire høve gir dei blaffen i den norske Grunnlova.

Det er både skuffande og respektlaust ovanfor fleirtalet av det norske folket, som i to folkerøystingar sa Nei til EU-medlemsskap.

Sjølvom Noreg ikkje er medlem av EU, vert landet ,gjennom våre politikarar , sugd meir og meir inn i unionen. EØS er blitt så omfattande at det er lite som skil oss frå medlemsskap.

No ynskjer EU til og med å bestemma kva slag forslag dei folkevalde i kommunane skal få lov til å stemma over, på same måte som koloniherrane i Afrika totalt oversåg og tilsidesette både tradisjon, kultur og styringsform i dei landa dei annekterte.

Dette er heilt absurd.

Likevel seier både Jonas Gahr Støre og Erna Solberg at EØS er verdas beste avtale.

For å tyna mest mogeleg ut av offentleg sektor, drivkrafta i samfunnsbyggjinga, har EU- kommisjonen funne ut at private verksemder og offentlege verksemder har ulike konkurransevilkår. Offentlege verksemder betalar ikkje skatt og kan heller ikkje gå konkurs.

Så kva gjer EU?

På same måte som dei gamle koloniherrane utnytta og utbytta naturressursar og folk i dei koloniane dei oppretta, vil EU gjera det same med offentleg sektor og naturressursane våre.

EU-tilhengjarane i regjeringa og på Stortinget gjorde dette då dei «ga bort» kontroll og reguleringsretten til norsk vasskraft og energiproduksjon, arvesølvet vårt, til ACER, EU sitt energibyrå. Dette gjorde dei trass i to folkerøystingar med klårt Nei til EU- medlemsskap og trass i protestar frå 120 Ap ordførarar.

Den EU-vennlege regjeringa vår, som legg seg paddeflat for EØS-lovverket, oppretta den 13 juni 2016 Hjelmengutvalet, eit utval av personar som hadde som mandat å leggja til rette for korleis offentleg sektor i Noreg kunne organiserast i samsvar med krava frå EU.

Dette utvalet har foreslått at det skal førast eigne regnskap og det skal vera skatteplikt for offentlege verksemder som tener pengar for det offentlege på den økonomiske aktiviteten sin. I tillegg skal slike verksemder i fylgje EØSregelverket driva på marknadsmessige vilkår.

Ei slik fjernstyring frå Brüssel over den måten nasjonalforsamlinga i Noreg har bestemt at offentleg sektor  skal fungera på, kan truleg føra til eit prissjokk på kommunale tenestetilbod som; symjehall, idrettshall, kulturhus, skulefritidsordning, kino, kulturskular og begravelsar.

Så spørst det om regjering  og stortingsfleirtal godtar desse forslaga frå Hjelmengutvalet.

Det er uakseptabelt at EU skal diktera den norske nasjonalforsamlinga og det norske folk til å  forkasta etablert praksis for offentleg sektor.

Næringsministeren Torbjørn Røe Isaksen har i alle høve gitt uttrykk for at han ikkje er nøgd med forslaga frå Hjelmengutvalet samstundes som det manglar ei utgreiing av konsekvensane dei medfører for Kari og Ola.

Næringsdepartementet har difor no bestilt ei ny utgreiing som skal sjå på konsekvensane av Hjelmengutvalet sine forslag.

I tillegg skal dei særleg sjå på fylgjene av å skilja ut til dømes utleige av idrettshall, symjehall og kino som om dei var private verksemder og skal driva bedriftsøkonomisk og ha skatteplikt.

Vidare skal dei og sjå på konsekvensen det vert for Noreg  med å ikkje gjera nokon ting med krava frå EU om tilpassa norsk offentleg sektor til EU sin privatiserings – og marknadsstyringspolitikk.

Målsetjinga til EU er nemleg å bli den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda, kosta kva det kosta vil. EU synest å nedprioritera trygge, gode arbeids- og lønsvilkår, og  sosial velferd for dei 500 millionane av menneske , som bur i dette området.

Dette kom tydeleg fram i kjølvatnet av finanskrisa då land som Hellas,Spania, Portugal, Italia og Irland vart dikterte av Brüssel å skjera ned dei offentlege budsjetta, det som skulle vera ein buffer mot desperasjonen til mange menneske.

Denne sparepolitikken gjer seg og gjeldande i EØS-landet Noreg.

Gjennom ulike reformar, konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenestetilbod byggjer noverande regjering ned velferdstilbod generelt, men særleg ovanfor dei som treng det mest.

Den bedriftsøkonomiske styringsforma, som Gro Harlem Brundtland(Ap) starta med, er heilt i samsvar med EØS. Istadenfor velferd for oss alle, er forteneste , økonomisk vinning viktigare for styresmaktene.

Denne politikken fører til reduserte økonomiske overføringar frå staten til kommunane . Statlege (NAV) utbetalingar  til folk, som av ulike grunnar er heilt eller delvis ute av arbeidslivet vert kutta.

(Kostnadene for staten må jo ned for å få overskot)

Det merkelege er at denne sparepolitikken ikkje gjeld pengeløyvingar til ulike flyktningegrupper i utlandet og asylantar og innvandrarar her i landet.

Desse gruppene fortener den hjelpa dei får, MEN , dei etnisk norske, som og opplever at livet ikkje er nokon dans på roser, fortener og at fellesskapet , offentleg sektor og me som nasjon yter den økonomiske hjelpa dei treng.

Den EØS dikterte marknadsstyringa istadenfor folkestyre gjennom regjering og storting, har passivisert dei folkevalde, våre tillitsvalde, og gjort dei handlingslamma.

Dei er blotta for kreativ innovason, nyskaping og utvikling. EØS regelverket, som er skreddarsydd for næringslivet, er blitt ei soveputa for dei folkevalde. Dei sit på gjerde og ventar på neste trekk, neste direktiv frå Brüssel og innordnar seg det.

EØS er i ferd med å øydeleggja offentleg sektor, motoren i samfunnsbyggjinga og tilretteleggjaren for privat næringsverksemd.

Forutan å utnytta og ta kontroll med norske  naturressursar, slik koloniherrane gjorde i dei tidlegare koloniane, er EØS i ferd med å øydeleggja vårt demokratiske styringssystem.

«Ein skigard varer ikkje evig veit du» og det gjer heller ikkje demokratiet dersom me ikkje står opp for det og kjempar for det.

Det styringssystemet skal tenkja innovation, samfunns-/distriktsutvikling og velferd for folket og fellesskapet. Dette fungerer ikkje lenger i  Noreg slik det skal.

Når Jonas Gahr Støre, Erna Solberg, Espen Barth Eide og andre leiande folkevalde på NHO sin årskonferanse synest å vera av « same ulla» som næringslivstoppane i dette landet med ei unison tiljubling av EØS-avtalen , er det noko som er fundamentalt galt.

Våre folkevalde må på ny, på eit fritt grunnlag,  ta styringa  over utviklinga av landet vårt.

Grunnlova vår frå 1814 og norske lover skal vera styringsreiskap i Noreg.

Brüssel og EU er like avhengig av Noreg som omvendt. Alle er tente med eit godt samarbeid. Dette kan me best oppnå som likeverdige partar med gjensidig respekt ovanfor kvarandre.

Det er snart 1. mai den internasjonale arbeidstakardagen. Mange stader rundt om i landet vil fagrørsla i demonstrasjonstoga ha parolen: «Ut av EØS».


WHO and WHAT is behind it all ? : >


The bottom line is for the people to regain their original, moral principles, which have intentionally been watered out over the past generations by our press, TV, and other media owned by the Illuminati/Bilderberger Group, corrupting our morals by making misbehavior acceptable to our society. Only in this way shall we conquer this oncoming wave of evil.

Commentary:

Vi maa forlange at alle folkevalgte stortingsrepresentanter FORLATER det ikke-folkevalgte EUROPARAADET som kun svarer til Brussels. Dette er helt absurd. Norge skulle kun ha en eller to regjeringsmedlemmer som representant(er) og IKKE folkets stortingsrepresentanter. Dette maa gjennomfoerst snarest.

Administrator

HUMAN SYNTHESIS

All articles contained in Human-Synthesis are freely available and collected from the Internet. The interpretation of the contents is left to the readers and do not necessarily represent the views of the Administrator. Disclaimer: The contents of this article are of sole responsibility of the author(s). Human-Synthesis will not be responsible for any inaccurate or incorrect statement in this article. Human-Synthesis grants permission to cross-post original Human-Synthesis articles on community internet sites as long as the text & title are not modified.

The source and the author's copyright must be displayed. For publication of Human-Synthesis articles in print or other forms including commercial internet sites. Human-Synthesis contains copyrighted material the use of which has not always been specifically authorized by the copyright owner. We are making such material available to our readers under the provisions of "fair use" in an effort to advance a better understanding of political, economic and social issues. The material on this site is distributed without profit to those who have expressed a prior interest in receiving it for research and educational purposes. If you wish to use copyrighted material for purposes other than "fair use" you must request permission from the copyright owner.

TILBAKE TIL HOVEDMENYEN - BACK TO THE MAIN MENU