5 min read

SKYSSBAATEN «TERJE» I SVELGEN

SKYSSBAATEN «TERJE» I SVELGEN

By AI Chat-T.Chr.-Human Synthesis-27 April 2026 (In English below)

I over 150 år sytte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1858-2012) for regelmessig transport til og frå Bergen og lokalt i fylket. Utanom Fylkesbaatane sitt lokal-rutenett opererte mange privateigde skyssbåtar; både i oppsette ruter og i tilfeldig skyssfart.

Skyssbåten «Terje» – i Svelgen

«Terje» - større båt

. I Svelgen hadde dei frå 1930 motorbåten «Kelvin», og nokre år seinare motorbåten «Terje». Kåre Kjelkenes forel om desse to skyssbåtane i eit stykke i Firdaposten 2006. «Kelvin» vart for liten, og Knut tinga ny båt hjå Austrheim båtbyggeri på Sandane. Båten fekk namnet «Terje», og vart levert i 1935.
Den første motoren i båten, levert frå ein motorverkstad i Bergen, heldt ikkje det som var lova, og vart bytta ut med ein tosylindra Heimdal-motor.


«Denne hadde og nokre luner», fortel Kåre Kjelkenes, «men ikkje verre enn at dei var å leve med, når ein først vart kjend med dei.» «Terje» var i full drift frå 1935 til hausten 1941, med eigaren Knut Kjelkenes som skipper; ei tid også i faste ruter; ein gong i veka til Florø, og kvar helg med vekependlarar frå Smelteverket.

Rekvirert av tyskarane

Tyskarane kom for alvor til Svelgen i 1941 og kravde nokså snart fullt rådvelde over «Terje».

Kjelkenes skriv:

«Knut fekk tilbod om å halde fram som skipper, men takka nei. Ny skipper vart «utskriven» frå ein annan stad. Knut hadde hatt med seg Bjarne Mundal som hjelpesmann. Bjarne som berre var 15-16 år den gongen, fekk ordre av dei nye makthavarane om å halde fram om bord både som hjelpesmann og maskinist.

«Jomfruturen» med det nye mannskapet gjekk til Berle [over Frøysjøen på Bremangerlandet]. Der vart det litt ventetid, så maskina stogga. Det verste lunet med Heimdal-motoren var at han av og til kom vrange vegen når han starta. Knut hadde eit knep med å rette på dette, men høvet hadde ikkje bydd seg til at Bjarne hadde fått lære det.

Bjarne starta, og maskina kom «ronge vegen». Fortare og fortare gjekk det. Smellen kom, spikte [sprengde] maskina og sette båten ut av drift lang tid framover. Bjarne kom heldigvis frå det med skrekken».

Seinare

Journalist Harald Stavang følgde opp med meir om skyssbåten «Terje» i spalta Album, i Firdaposten.

Ei tid etter motorhavariet i Berle, hamna «Terje» i Stryn, der Knut henta han etter krigen. Båten var i så dårleg forfatning, at Knut ikkje såg seg syn på å ordna med full reparasjon.

Sjølv hadde Knut no fått seg arbeid som dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i Svelgen, og skysstrafikken vart etter kvart overteken av Smelteverket sine båtar.
Knut sette båten såpass i stand at han blant anna vart nytta som lossement [til overnatting] på storsildfiske i Batalden av eit landnotlag frå Sørgulen.

På slutten av 1950-talet vart båten sett på slipp i Mulehamnen, hos Bjarne Mulehamn, men då Knut Kjelkenes døydde i 1959, vart «Terje» seld til Atløy.
Arnar Kjelkenes (1941-2015) prøvde å følgja båten vidare, til vegs ende. Brørne Olset på Atløy hadde båten i fem år før selde til fabrikkdirektør Kristian Lund i Vadheim. Lund brukte båten som fritidsbåt til 1975 då han selde til banksjef Tor Brekke, busett i Oslo.

Soga til båten vidare er ikkje fullt ut klårlagd. Kan henda blei gamle «Terje» teken hand om av eit «trebåtmiljø» i Bunnefjorden.


THE PASSENGER BOAT “TERJE” IN SVELGEN - NORWAY

For more than 150 years, Fylkesbaatane in Sogn og Fjordane (1858–2012) provided regular transport to and from Bergen, as well as local services within the county. In addition to Fylkesbaatane’s local route network, many privately owned passenger boats operated both on scheduled routes and in occasional transport service.

The Passenger Boat “Terje” – in Svelgen
“Terje” – a Larger Boat

In Svelgen, they had operated the motorboat Kelvin from 1930, and a few years later the motorboat Terje. Kåre Kjelkenes wrote about these two passenger boats in an article in Firdaposten in 2006.

Kelvin became too small, and Knut ordered a new boat from Austrheim Boatyard at Sandane. The boat was named Terje and was delivered in 1935.
The first engine installed in the boat, supplied by an engine workshop in Bergen, failed to perform as promised and was replaced by a two-cylinder Heimdal engine.
“This one also had its quirks,” Kåre Kjelkenes recounts, “but they were manageable once you got to know them.”

Terje was in full operation from 1935 until the autumn of 1941, with the owner Knut Kjelkenes serving as skipper. For a period, the boat also operated on regular routes: once a week to Florø, and every weekend carrying weekly commuters from the smelting plant.

Requisitioned by the Germans
The Germans arrived in force in Svelgen in 1941 and soon demanded full control of Terje.

Kjelkenes writes:

“Knut was offered the chance to remain as skipper, but he declined. A new skipper was ‘conscripted’ from elsewhere. Knut had employed Bjarne Mundal as deckhand. Bjarne, who was only 15 or 16 years old at the time, was ordered by the new authorities to continue aboard both as deckhand and engineer. “The ‘maiden voyage’ with the new crew went to Berle [across Frøysjøen on Bremangerlandet].

There was some waiting time there, so the engine was shut down. The worst quirk of the Heimdal engine was that it would occasionally start running in reverse. Knut had a trick for correcting this, but Bjarne had never had the chance to learn it.“Bjarne started the engine, and it ran the wrong way. Faster and faster it went. Then came the bang — the engine exploded and put the boat out of service for a long time afterward. Fortunately, Bjarne escaped with nothing worse than a fright.”

Later Years

Journalist Harald Stavang later followed up with more about the passenger boat Terje in the Album column of Firdaposten.
Some time after the engine failure at Berle, Terje ended up in Stryn, where Knut retrieved her after the war. The boat was then in such poor condition that Knut did not feel capable of carrying out a full restoration. By then, Knut had taken a job as a steamship agent for Fylkesbaatane in Svelgen, and passenger transport was gradually taken over by the smelting plant’s own boats. Knut repaired the boat enough for it to be used, among other things, as accommodation during the great herring fisheries at Batalden by a seine fishing crew from Sørgulen.

At the end of the 1950s, the boat was hauled onto the slipway at Mulehamnen, at Bjarne Mulehamn’s yard. But when Knut Kjelkenes died in 1959, Terje was sold to Atløy. Arnar Kjelkenes (1941–2015) later tried to trace the boat’s history to its very end. The Olset brothers on Atløy owned the boat for five years before selling it to factory director Kristian Lund in Vadheim. Lund used the boat as a pleasure craft until 1975, when he sold it to bank manager Tor Brekke, who lived in Oslo.

The later history of the boat has never been fully clarified. Perhaps the old Terje was eventually taken in by a traditional wooden-boat community in the Bunnefjord area.